
Stardust Hotel spelar hovudsakeleg heimelaga låtar, med inspirasjon av
artistar om Pearl Jam, U2, Bon Jovi, Guns’n’Roses, Coldplay og
Faith No More, - krydra med
presisjon og sitt eige særpreg. Bandet spelar svingande og variert musikk med
stor entusiasme, og kan love liv og røre. Sjølve kallar dei sjangeren ”Lystig
Rock’n’Roll, med nokre sinte tonar…”
Dei har til no spelt ilag i snart halvanna år. Fyrste samla øving hadde
dei under namnet ”Twenty4/Seven”, men har nyleg skifta navn til det dei heitar i
dag: ”Stardust Hotel”. Fyrste øving fann stad på Voss, nyttårsaftan 2005/06, og
har etter det spelt jamleg fleire gonger i veka. Dei kan i dag sjå tilbake på
spelejobbar bl.a. på Voss, i Bergen, Innvik (Snorre Pub), Flåm (Lorden Pub) og i
Haugesund. Bandet har delteke på ulike konkurransar og festivalar som
”Eggstok-festivalen
Dei spelte inn ein EP, våren 2006, noko som resulterte i nokre
heimelaga songar. Her er både melodi og tekst skrive av bandet sjølv. Desse vart
spelt inn på ”Musikkfarmen”, studioet til Bjørner Sivertsen i Granvin.
Stardust Hotel jobbar i desse dagar med å komme seg i studio igjen.
Kontaktperson booking: Nils Heggdal (tlf. 57632167,
mob.90533221)
Kontaktperson for bandet: Tor
Inge Vethe (mob.99353587)
Høyr / last ned
musikk og les meir om Stardust
Hotel her
Sjå konsertlista her
Sjå foto frå konserten
i Bygstad (Førde) 14.07.07. her
Utdrag frå omtale i avisa Hordaland, tirsdag 25. april 2007.
Under konserten til ’’Love Hungry Men’’ får vossingane
også høve til å oppleva eitt av dei unge og lovande vossabanda.
’’Stardust
Hotel’’ varmar opp med hovudsakeleg heimelaga låtar, og er tydeleg inspirerte av
band som Pearl Jam, U2, Bon Jovi, Guns’n’Roses, Coldplay og Faith No
More.
Bandet er ein kvartett satt saman av Roger Nomeland på
vokal og gitar, Knut Heggdal (frå Flåm) på gitar, Sigurd Tveit på trommer og Tor
Inge Vethe på bass og backing vokal. Bandet spelar svingande og variert musikk -
sjølve kallar dei sjangeren ’’Lystig Rock’n’Roll’’ med nokre sinte
tonar.
Stardust Hotel starta for halvanna år sidan og har sidan
då gjort fleire spelejobbar i regionen og delteke på konkurransar og
festivalar.
Våren 2006 spelte dei inn ein EP og planen for 2007 er å
komma eg i studio igjen.
Det
er med andre ord duka for ein skikkeleg festkveld for dei musikkglade i
Fraktgodsen laurdag kveld
Tekst: Torunn Todal
Laberg
for avisa Hordaland
Nyheter
10.05.2007 17:51:02 STUDIO
Me
var i studio på tysdag, så endelig er me igang med innspeling. Vidare satsar me
på å bli ferdi om ikkje så alt for lenge, som vil sei ca. 1 mnd. Me tar sikte på
å spele inn omlag 8 songar, som me på sikt sikkert kjem til å legge noko av det
ut her på NRK
Urørt. Det vil tida vise... Over og
ut...
Tor
Inge
Under: Attesten frå Gunther Dahler: Fretheim Hotel (''Stardust Hotel'' kalla seg då for
''Twenty4/Seven'')
Takk Gunther !!
