NO CASH

  

Web design and programming
©Arvid Vethe 05.2007

29. september 2007, Fraktgodsen, Voss  
(info: klikk navn og bilete)


''No Cash'' er ein hyllest til legenden Johnny Cash  og ''sounden'' som Sam Philips skapte rundt Sun Studio i Memphis på 50- og 60- tallet.
''No Cash''er også ein hyllest til akustisk musikk.
Nakent, minimalistisk og ærleg framført på ståbass, gitar, munnspel
og vaskebrett.
Publikum som var i Fraktgodsen denne kvelden jubla over desse dyktige musikkarane. Rune Myhren på vokal, vaskebrett og munnspel, Glenn Håvard Gran på gitar. 20 åringen Ole Martin Røsten (ståbass), eit av dei største bass talentet i Norge, viste oss korleis ståbassen skulle trakterast. I eit herleg driv skapte han heile kompet i eit stilrent Sun Studio sound.

Takk til No Cash !
Klikk her for å sjå bileter frå konserten: No Cash



SUPPORTBAND:      
                                                                                                                                                       klikk logo for info
Kanskje Voss sitt mest erfarne og best samspelte band for tida.
Mykje 70-talls musikk som Pink Floyd og Santana, + + + kjempebra !!

Exe Experience er eit 8 manns band frå Voss. Den yngste i bandet er 17 år og den eldste har runda 50.
Spelte det meste innan blues og rock, med lett blanding av vokale innslag og instrumetal-musikk.
Med i Fraktgodsen på laurdag var Oddvar Ekse-gitar, Vigleik Kolltveit-tangentar, Torstein Norevik-bass, Thomas Trettenes-vokal, Terje Solsvik-tommer og Bjørnar Ekse Brandseth-gitar.

Takk til Exe Experience !
Klikk her for å sjå bileter frå konserten: Exe Experience



Denne kvelden i Fraktgodsen var det mange vossingar som gjekk glipp av.Men dei som var der såg ut til å ha ein kjempekveld, og det kunne også tilbakemeldingane til arrangøren bekrefta.

Dette var eit arrangement med god allsidig ''live''musikk, alt frå soul, blues, rock til countryrock, presenter av erfarne musikkarar med lang fartstid. Musikken var med andre ord allsidig og av den beste som er å få tak i. Og ''sounden'' vart som vanleg styrt av fagfolk frå Voss Lyd, Yngve Høyland. Web-site
Takk til Yngve !


Annonse:


TAKK !   - til Jernia Rokne, Voss for sponsing av annonse.

TAKK !   - til avisa ''Hordaland ''
v/ Torunn Todal Laberg for storslått
                   førhandsomtale i avisa torsdag 27.09.  
                 -
Fleischer's Hotel
 for godt samarbeid igjen,
                 - alle medhjelparane for god hjelp
                 - og ikkje minst publikum for stor stemning.

Tilbake til arkivet