<  

HEIMALANNE'

   

Web design and programming
©Arvid Vethe 05.2007

 
Heimalanne'   var tilbake på Voss.

Laurdag 18. oktober hadde vossingane på nytt besøk av dette populære bandet.
Dyktige musikkarar og ein fin gjeng som levde opp til store forventningar,
og som publikum viste å setja pris på. Det var allsang og mykje folk på dansegolvet heile kvelden.
Litt lite besøk var det, men dei som var der hadde ein fin kveld med mykje
flott musikk.
Stor takk til Heimalanne', publikum og sponsorane og til
Fleischer's Hotel for godt samarbeid.
Takk til Inge hjå Playcom for hjelp med føresalet av billettar.


Sjå foto frå arrangementet.


Annonse:       (klikk annonsa under for meir info. om bandet)



«Heimalanne'» er samansett av rutinerte musikarar med lang fartstid i ulike grupper. Forutan ein fast kjerne, vert gruppa ofte utvida med ein eller fleire musikarar, alt etter kva som høver i ulike samanhangar. Dei faste medlemane i «Heimalanne'» er:

  • Arne Bøe (vokal, gitar).
  • Dag Atle Håland (gitar, mandolin, vokal).
  • Skjalg Kaspersen (bass, vokal).
  • Gunnar Bergstrøm (trommer).
  • Bucky Aasheim (gitar, vokal).

I tillegg til desse er mellom anna Inge Glambek (mandolin, banjo, gitar, vokal) Kjell Madsen (bass), Egil Skjelnes (steel guitar), Dag Wolf (steel guitar), Gunnar Bjelland (piano, orgel), Øystein Fosshagen (fele) og Yvonne Algrøy (vokal) tilknytt «Heimalanne'», både som studio- og konsertmusikarar.

Det er i hovudsak Arne som skriv låtmaterialet til Heimalanne', men Bucky har og etterkvart ytt betydelige bidrag til gruppa sitt repertoar og til låtmateriale til CD-innspelingar.

Fleire og fleire har fått auge og øyrer opp for denne gruppa, som etterkvart har markert seg som eit framifrå liveband der publikum både lyttar til tekstane og let seg rive med av fengande melodiar og rytmar. Høg allsangfaktor er vanleg på Heimalanne’ sine live­opptredenar – fans’en har for lengst lært seg tekstane til gruppa sine mange populære songar. Dette er ei gruppe du absolutt bør få med deg når høvet byr seg, for denne gjengen vil du garantert setja pris på!
 
                                                                                                                                                   Les meir
Tilbake til arkivet