
HEIMALANNE'
Web design and
programming
©Arvid
Vethe 05.2007


27. oktober 2007, Fraktgodsen,
Voss
(info:
klikk navn og bilete)
''Foto: Brecht foto''
Presentasjon
Heimalanne' er samansett av
rutinerte musikarar med lang fartstid i ulike grupper. Forutan ein fast kjerne,
vert gruppa ofte utvida med ein eller fleire musikarar, alt etter kva som høver
i ulike samanhangar. Dei faste medlemane i «Heimalanne'» er:
I tillegg til desse er mellom anna Inge
Glambek (mandolin, banjo, gitar, vokal) Kjell Madsen (bass), Egil
Skjelnes (steel guitar), Dag Wolf (steel guitar), Gunnar
Bjelland (piano, orgel), Øystein Fosshagen (fele) og Yvonne
Algrøy (vokal) tilknytt
«Heimalanne'», både som studio- og konsertmusikarar.
Det er
i hovudsak Arne som skriv låtmaterialet til Heimalanne', men Bucky har og
etterkvart ytt betydelige bidrag til gruppa sitt repertoar og til låtmateriale
til CD-innspelingar.
Arne skreiv sin første låt med norsk tekst i
februar 1996 («No har solæ snudd»). Det var - for å sitera tidlegare bassist
Kjell Madsen - «som å trekkja korken av ei vinflaske». Sidan har det
vorte mange vinflasker og endå fleire songar. På debut-albumet «Heimalanne'»,
som kom ut i august 1999, vart gruppa sin musikalske bakgrunn og ståstad
stadfesta - ikkje berre gjennom tekstane og musikken - men og i «manifestet» på
omslaget - ''Heimalanne' e' ein del tå da so e' mi sjel...''.
Les meir >>
Dette populære bandet,
med fleire førsteplassar på ''Norsktoppen'' og opptredener på Nrk
TV, skapte ein stor og fin
stemmning i Fraktgodsen denne
laurdagskvelden.
Dei ca. 150 som var der gav tydelge meldingar om at dette var
musikk dei sette stor pris på og responsen tilbake til bandet var spontan og
ekte.
''Heimalanne''
lever verkeleg opp
til ryktet sitt - dyktige musikarar, samspelte og blide karar som
spelar melodiøs dansemusikk, verkeleg ein fryd å vera saman med dei. Kjemien mellom
publikum og bandet bar tydeleg preg av dette.
Ein kjempekveld for band, publikum og arrangør.
Klikk her for å sjå bilete frå konserten.
Lysinga:
Takk til sponsorane, bandet,
publikum, avisa Hordaland, Hydro Texaco Hellevang Autoservice,
Fleischer's Hotel sine folk, og våre eigne
medhjelparane.
Tilbake til arkivet