Visit Voss
''Det hender i bygda''

Avisa-Hordaland
Les føreomtale av
arrangementet her

 

FORRIGE KONSERT

   

Web design and programming
©Arvid Vethe 05.2007

Laurdag 26. april 2008, kl.21.30.
TwangGang + Rubber Soul
Fleischer's Hotel - Top Spot, Voss.

Klikk her for å lesa føreomtalen i avisa Hordaland 19. april
skreven av Torunn Todal Laberg

Les den flotte etteromtalen i avisa-Hordaland 29. april
skreven av Rolf Tepstad

Sjå foto frå arrangementet


Voss Concert Team hadde eit arrangement på Fleischer's Hotel - Top Spot, 26. april 2008, med vossabanda Twang Gang og Rubber Soul (ein såkalla ''split gig''). Planen var at arrangementet skulle gjenomførast slik at publikum skulle sleppa pausane mellom setta. Rubber Soul starta kl. 22.00 og spela 1 time. Twang Gang gjekk på scenen kl. 23.00 og spela 1 time. Deretter Rubber Soul att og til slutt Twang Gang (1 time kvar).
Både Twang Gang, Rubber Soul, publikum (198 pers.), Fleischer's og Voss Concert Team var godt nøygde med opplegget og arrangøren vil, mest truleg, prøva dette igjen.
Begge banda levde, som vanleg, opp til forventnigane (''leverte varene'') og publikumsbesøket var svært bra.
Lydteknikker var Eirik Paulsen (fast teknikker for Heimalanne').

Takk til alle som bidrog til at arrangementet vart ein suksess !!


2 band opptrer - TwangGang (Rockabilly/Country) + Rubber Soul (The Beatles tribute) - Musikk frå kl. 22.00. - Stort dansegolv - Aldersgrense 20 år - Bill. kr. 200,- Velkomen !



  

info: klikk foto                                                  klikk TwangGang (my space)   

                                               +



TwangGang:        Presseskriv.
Voss er for mange mest kjent som ei tungvektsbygd for folkemusikk, Vossajazz og olympiske medaljesankarar. Snakkar me om rock'n'roll er det imidlertid berre ein ting som gjeld: TwangGang.
Erlend Styve - gitar og song, Jan Eirik Gullbrå - ståbass og Bjørne Møen - trommer, har sidan starten i 2000 spelt Noreg på kryss og tvers mange gonger. Mange venner har dei også fått, og det er neimen ikkje rart. Twang Gang spelar klassisk rockabilly/country, og gjer det direkte frå hjarterota. Makan til hardtslåande, swingande, tidlaus, humørfylt og festleg rock'n'roll skal du leita lenge etter. Gløym "Walk the Line", Twang Gang er ei fullgod erstatning, og dei er HER OG NO! Twang Gang live leverer ei utsøkt blanding av eigne låtar og velvalte cover, alt framført i Vossagutane sitt originale og naturlege uttrykk. Bandet sin eigen "Gates of Graceland" (som Styve skreiv på flyet heim frå USA etter pilegrimstur til Memphis) glir uanstrengt inn i lag med f.eks. "Burnin' Love". Twang Gang legg eit alternativt "take" i coverlåtane, samtidig som deira eigne låtar forsterkar biletet av eit leikent og humørfylt rock'n'roll-band som ikkje på død og liv må halde seg til originaloppskriftene. Musikken rettar seg mot både hjarte og bein og får fart på begge. Twang Gang sitt debutalbum, "Listen, It's the Twang Gang" kom i 2004 og inneheld 14 originaleTwang Gang komposisjonar. Med gode anmeldingar i baklomma og solid liveerfaring, har bandet vorte proppa av sjølvtillit og virkar ute av stand til "ikkje å levera", som det heiter i Idolsjargongen. Med det siste albumet, "Bandar Abbas Express" (Reel Noise Records, 2007), viser bandet seg i frå ei endå friskare side og slepper seg verkeleg laus. Nye 14 låtar som svingar så det held. Fingerspiss-kjensla for den lausslupne rocken sit som støypt. Musikken skapar gode vibrasjonar - han pustar og pulserar - rockar og rular. Dette er ærleg, med beina på bakken og masse sjarm. Twang Gang er summen av alt som er moro i rockehistorien.


RUBBER SOUL
Torstein Norevik - bass/song, Tormod Knapstad - trommer/song,
Nils Kvamsdal - gitar/song og Kjell Fester - gitar/song
starta i 2006 og hadde si fyrste "store" speling saman med "Kølla & The Tommentotts" 2. joledag på Park då det var 1600 betalande tilhøyrarar. Vidare spela me i Ulvik sist påske på "Beatles-weekend" på Brakanes. Etter dette vart det ei roleg periode grunna dårleg skulder hjå Nils, men no har me øvd godt dei siste månadene og er kjempeklar for å spela for vossingar igjen. Me har 40+ songar og skal laga til 2 gode sett med dansbare perler frå Beatles katalogen. Me kan nevna "Can't buy me love", "I saw her standing there", " A hard days night",
" Eight days a week" og "Twist and shout".
Garantert moro!!


Annonse:    (klikk på annonsa for å lese omtalen i 'Hordaland' 19. april 08)


Takk til sponsorane, banda, publikum, avisa-Hordaland, Fleischer's Hotel sine folk og våre eigne medhjelparane.

Ein stor TAKK til:

Klikk på logo for besøk















Bergens Tidend
lokal Voss og omland